Christian Gaard – Tribuner

I Hjørundfjorden ligg bygda Trandal, ei av dei minste bygdene på Sunnmøre når det gjeld folketal. Men her har dei bygd opp Christian Gaard, som m.a. arrangerer ein del store konsertarrangement, mellom anna den vidgjetne Trandal Blues-festivalen. Det var store konsertar med kjente artistar, ofte meir enn 1000 tilhøyrarar.

Men det var eit par ting som mangla: Skikkelige tribuner, og akseptable toalett-tilhøve!

I 2017 fikk vi oppdraget med å lage til tribuner – det vart akkurat ferdig til bluesfestivalen med konsert med m.a. Blues Brothers. Stor stemning – 1300 tilskuarar.

Året etter bygde vi også eit sanitærbygg – så no var tida forbi der ein måtte springe ned i Ura for å gjere sitt fornødne!