Fornøgde kundar
Etablert i 1981
Om oss
Volda Bygg AS er totalleverandør av tømring, innreiing, snikkar- og betongarbeid i privat og offentleg marknad, på Sunnmøre og i Nordfjord.
Volda Bygg vart etablert i 1981 under leiinga av Helge Nilsen, og selskapet utførte over fleire tiår betongtenester på i all hovudsak damanlegg, bruer og industribygg.
I januar 2022 vart Helge Nilsen og Askjell Våge einige om at Våge skulle ta over Volda Bygg AS. Selskapet vart då eit systerselskap til A. Våge AS og Sunnkran, og ein del av konsernet Vågegruppa.
Anders Hauken vart tilsett som driftsleiar i Volda Bygg i januar 2025, og selskapet gjennomførte ei omstrukturering.
No tilbyr Volda Bygg tenester innan bygg og rehabilitering, tømring, innreiing, snikkar- og betongarbeid.
Frå januar 2025 er Volda Bygg AS også godkjent som lærebedrift, noko vi er veldig stolt av.
Stjerneteamet vårt vert stadig styrka med fleire tømrarar og lærlingar. Send gjerne inn ein open søknad til post@voldabygg.no.
Følg oss gjerne i sosiale medium! Du finn oss på Facebook (Volda Bygg As) og Instagram (@voldabygg).
