Referansar

Referansar

Litt om prosjekta:

Urke kraftverk: Vi bygde inntaket til dette prosjektet for Tussa Energi AS.

Det ligg idyllisk til like under Slogen, det mest kjende fjellet i Sunmørsalpane. Lukehuset er ein stilisert modell av fjella i bakgrunnen.

Draula Stasjon/Viddal Kraftverk:  I 2011 fikk vi dette oppdraget med Tussa Energi AS.  Det er lokalisert på Viddal lengst inn i Hjørundfjorden.

Draula Stasjon ligg 280m over havet.  Vatnet herifrå går vidare til ein inntaksdam som forsyner Viddal Kraftstasjon (som ligg nede ved sjøen) med vatn.  Demninga er ein lausmassedam, med tetningskjerne av betong.  Vi bygde også sjølve inntaket til Draula Kraftverk i 2012.

Eidsetelva Kraftverk:  Vi bygde stasjonsfundamenta og inntaksdammen for Småkraft AS.  Kraftverket ligg i Dalsfjorden, Volda. Inntaksdammen var verdas første dam laga av aluminium.

Sagelva Bru: Bru i samband med Bremangersambandet som vi bygde i 2012.

Bremangersambandet:  Vi laga om lag 270m sikringsmurar i samband med dette prosjektet, mange av dei med vanskelig tilkomst.

Kulvert Eiksundsambandet:  Undergang på Sørestranda vart oppretta i 2006 i samanheng med Eiksundtunnellen.

Einedalen Skule:  Bygd i 2008-2009.  Vi utførte betongarbeida for Veidekke AS.