Om Volda Bygg

Om Volda Bygg

Volda Bygg er eit aksjeselskap på Volda som driv entreprenørverksemd. Dagleg leiar er Helge Arne Nilsen. Han kan skilte med 40 års røynsle. Sjølve aksjeselskapet blei stifta i 1984. Vi har vitjingsadresse Hamnegata 6. Vi held til på Volda på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Vi tar primært oppdrag i Sunnmøre og Nordfjord, men kan óg diskutere oppdrag andre stader. Våre kunder er i hovudtrekk andre verksemder og offentlege instansar. Firmaet har 9 tilsette.

Maskinpark

KATO KR 250


 

Dette er ei all-terreng-mobilkran. Det vil seie at den kjem seg fram i relativt ulendt terreng. Krana har 25 tonns lastekapasitet (med 3m arm). Bomlengden er 25,7m. Det kan monterast jibb med 7 meters lengde. Fornuftig arbeidsradius er ca. 22m. Den kan då løfte c.a 1 tonn. Vi har 2 slike kraner.

Manitou 2150


 

Dette er ein teleskoptruck med svingfunksjon. Den kan difor nyttast som kran. Vi har ein mengde med utstyr som kan koplast til denne: Kranpakke, gaflar, arbeidskurv, snøskuffer etc. Den kan nyttast til «alt».